Oops! Something went wrong! It doesn't appear to have affected your data. Please notify your system administrator if the problem persists.Access denied
Your session was expired. Page will be reloaded.
Processing...
Your assets are ready. If the download does not start automatically, click Download.
Biletet er teke ved Haughom bryggje, jmfr bygningar bak (kommentar v/ EO 20.04.2015).
(Anonym informant, kvalitetssikra av Arthur J. Øksendal. EO 20.04.2015)
Sjå KBS 0262 som er det rette biletet! Dette her er ein kopi for letta plassering av namn.
Identifiseringa er pr mars 2017 gjort ved Elfrid og KÃ¥re Ivar Ovedal.
Biletet er teke frå bytet mellom Grøve ( bak fotografen) og Brekkå framover, dvs ca frå Grøvesteinen og mot sør-vest. Det er truleg Peder Salvesen Øksendal som held på å spretta lorten/ "hebdå" utover, for haugane med hebd/ naturgjødsel ligg langs toppen av bakken nedover på bnr 21 Brekkå.
Vegen i venstre, nedre hjørne er Ovedalsvegen, her nedover Sagebakkjen, og den "peikar" her rett mot Øynå som Øksendalsånå/ Sagånå svingar rundt.
Uthuset nærast til høgre tilhøyrer Nòsebakkjen bnr 17. Me ser både gammalt og nytt hus på Monen, bnr 13, på kvar si side av den store grana. Midt i biletet er uthuset på bnr 22 Monen, og til høgre for det er våningshuset, usikkert om det er nytt eller gammalt våningshus. Utover i venstre del av biletet er det kvite våningshuset på Monen/ Nygård, bnr 2-29, og skulehuset/ Øksendal skule lengst vekke.
Midt i venstre biletkant, på andre sida av åna, er både sag og stòblar av ferdigsaga materialer, tilhøyrande Albert og Arthur Jonassøner Øksendal. Det er tradisjon å ha sag ved åna der, derfor "Sagånå". Men denne saga går med elektrisk straum. Då dei vaks opp, hadde far deira sag like under den synlege vegstubben nærast i biletet, og den var vassdriven. Men brørne Albert og Arthur hadde si inntekt frå skogshogst og framdriving av tømmer om vinteren og våren, og saging av det til bygningsmaterialer, kassebord og tønnestav mm om sommaren og hausten. Dette varte heile 1950-talet og tidleg 1960-talet då begge etter kvart begynte på anleggsarbeid i samband med vasskraftutbygginga i Sirdal.
(Informanten har barndomsminnet om ein pappa som kom heim med sagespon i øyra, og lukta så godt av furutømmer!)